Byporten – side 2

Punkt 5

Fram til 1934 var Høyanger eit veglaust samfunn, men då vegen til Nordeide var under utbygging vart det bestemt at dei trengte ein byport. Bygget markerte ei ny tid, og understreka byplanlegginga på 1900-talet.

Opprinneleg vart Byporten nytta til arbeidarbustader, og husa opp til åtte familiar. I dag er Byporten eigd og drifta av Høyanger kommune, etter at dei tok over bygget i 1990. I 1997 opna Høyanger Industristadmuseum, som vart rehabilitert og oppdatert i 2020, og i 2018 opna Gunnar S. Galleriet i den andre delen. Saman med samfunnshuset utgjer dette eit lite kultursentrum i Høyanger. Fasaden på Byporten har vore verna i rehabiliteringa av bygget, og har halde på si karakteristiske raude farge.

Byporten set preg på bybiletet i Høyanger, og gir ei klar ramme til sentrumsstrukturen med Byporten, brua og kyrkja i ei stram linje.

TilbakeTil kartet

Lukk