Parken – side 2

Punkt 4

Høyanger vart eit klassedelt samfunn. Arkitekten Nicolai Beer fekk jobben med å bygge opp eit av områda i Høyanger nær fjorden, som skulle bli det som i dag er kjent som Parken. Oppdaget fekk Beer frå NACo, som var pålagt gjennom konsesjonsvilkår å bygge hus som tok vare på arbeidarane si helse.

Dei første murhusa blei bygd i 1917, etterfulgt av trehus på tidleg 1920-tal. I murhusa langs fjorden budde direktøren på verket og ingeniørane, i tillegg til representasjonsbustaden som var bruka til å ta i mot viktige gjestar. I dei mindre murhusa budde det to familiar i kvar, som regel kontoristar og formenn. Trehusa var firedelt og meint for arbeidarane. Her kunne det fort bu 20 personar, og det var tronge kår, trass nye hus.

I Parken står også det som var det første sjukehuset i Høyanger. Sjukehus var ein del av dei opprinnelege konsesjonskrava, og eit gardshus frå Øren-garden vart bruka som bedriftsjukehus med sju senger. Bygget er i dag eigd og nytta av Høyanger Sanitetsforening. Bygget er også kjent som «Underdalshuset», etter Anna Underdal som fekk flytta huset sitt frå Undredal i Aurland til Høyanger i 1899.

TilbakeTil kartet

Lukk