Byplanlegging – side 2

Punkt 2

Behovet for fleire bustadar førte til framveksten av «Egne hjem»-rørsla i Høyanger.

Nye arbeidarbustadar

Som i liknande industribyar som Rjukan og Øvre Årdal var det industrieigarane som stod for planane for utbygging av samfunnet i Høyanger, og allereie frå etableringa av industrien vart det klart at Høyanger skulle delast mellom arbeidarane og «overklassen».

Arbeidarbustadane vart samla på Sæbøtangen og oppover i bygda, og funksjonærane og ingeniørane fekk bustader i området kjend som Parken (som er eit eige punkt seinare i byvandringa). Men også her var det klasseskilje. «Eliten» fekk utsikt over fjorden og gjerde mot resten av Parken.

I tillegg til på Sæbøtangen fekk arbeidarane bustader i «Egne hjem»-områder i Høyanger etter hagebyprinsippet. Småhus med hagar vart ført opp slik at arbeidarane kunne bu med ein viss standard, og husa vart selt av verket på avbetaling til arbeidarane. Slik kunne arbeidarane etter kvart eige sin eigen bustad, sjølv med avgrensa inntekt. Å bygge eigne bustadar til arbeidarane var det ein del av strategien til NACo for å skape eit harmonisk industrisamfunn utan opprørske arbeidarar.

Dette er ein tidleg plan for «Egne hjem» i Høyanger. Det er lett å sjå at desse snart hundre år gamle planane framleis pregar korleis bybildet i Høyanger sentrum ser ut.

TilbakeNeste

Lukk