Byplanlegging – side 2

Punkt 1

Som i liknande industribyar som Rjukan og Øvre Årdal, var det industrieigarane som stod for reguleringsplana for Høyanger. Allereie frå planlegginga blei det klart at Høyanger skulle delast mellom arbeidarane og «overklasse». Arbeidarbustadane blei samla på Sæbøtangen og funksjonærane i ingeniørane fekk bustader i Kloumanns Allé, kjend som Parken. Men også her blei det delt – dei «øvste» fekk utsikt til sjøen og gjerde mor resten av Parken.

I tillegg til Sæbøtangen fekk arbeidarane bustader i «Egne Hjem», etter hagebyprinsippet. Småhus med hage blei oppført for at arbeidarane skulle bu med ein viss standard, og blei ofte overteke på nedbetaling. Slik kunne arbeidarane etter kvart eige eigen bustad, sjølv med avgrensa inntekt. «Egne Hjem» vaks fram dei første tiåraav 1900-talet i Norge, og i Høyanger var det ein del av strategien til NACO for å skape eit harmonisk industrisamfunn.

TilbakeNeste

Lukk