Byporten – side 2

Punkt 6

Slik såg det ut på området der byporten i Høyanger i dag står like før byggestart i 1932. Til høgre i bildet kan ein sjå det bli arbeida med musikkpaviljongen i Høyanger som også vart ført opp på denne tida. Foto: Eugen Nordahl-Olsen / Fylkesarkivet i Vestland.

Ei ny tid med byporten

Fram til 1934 var Høyanger eit veglaust samfunn, men då vegen til Nordeide var under utbygging vart det bestemt at tettstaden og ville trenge ein byport. Bygget markerte ei ny tid, ei tid kor bilen stod meir sentralt i eit samfunn der fjorden alltid hadde vore hovudferdselsåra.

Byporten vart bygd for å symbolisere inngongen til byen og det nye sentrumet i Høyanger, og den stod klar mot slutten av 1933. Dei to dobbeltbustadane på kvar side av sjølve porten vart originalt brukt som arbeidarbustadar for åtte familiar, fire i kvart av husa.

Etterkvart som åra gjekk og samfunnet utvikla seg vart det klart at byporten ikkje passa like godt til husvære som den tidlegare hadde gjort. Høyanger kommune tok derfor over bygget i 1990, og i 1997 vart Høyanger Industristadmuseet opna i huset til venstre ned mot fjorden. Huset til høgre vart galleriet Gunnar S. Galleriet, som opna i 2018.

Våren 1933 hadde dei to bygga som utgjer «fundamentet» til byporten i Høyanger kome på plass. Kort tid etter blir og sjølve porten over vegen ført opp. Her har også musikkpaviljongen kome på plass.

TilbakeNeste

Lukk