Byporten – side 3

Punkt 6

Hos Høyanger Industrimuseum kan du, mellom anna, lære meir om framveksten til industristaden Høyanger.

Høyanger Industristad­museum

21. juni 1997 vart Høyanger Industristadmuseum offisielt opna av tidlegare stortingspolitikar og dåverande kringkastingssjef Einar Førde. I første etasje av bygget kan ein sjå historia om korleis Høyanger utvikla seg frå å vere ei jordbruksbygd til å bli ein industristad. Ein ser også korleis industrien har utvikla seg fram mot 1990-talet.

I andre etasje kan ein sjå samfunnsutviklinga i tettstaden med kvardagsliv, bustadar, krig, fagrørsle og kulturliv. Her kan ein også sjå utstillinga beståande av modellar av gamle bygg i Høyanger signert Arild Høyvik.

I begge etasjane i museet kan ein sjå kvite utslagsvaskar. Desse, samt trappene i bygget, er det einaste som er att av den originale innreiinga i bygget frå då det var brukt som bustad.

Denne utslagsvasken står igjen på industristadmuseet som eit minne frå den gongen byporten vart nytta som bustad.
Arild Høyvik sine modellar
Nokre av bygga som du har sett på historiske bilde i denne byvandringa har fått nytt liv som modellar skapt av den lokale modellbyggaren Arild Høyvik. Desse bygga er Murgården, handelskvartalet i sentrum, Folkets Hus og «Slottet».

Turar på ut.no
ut.no kan du finne fleire turar i Høyanger som du kan gå, og på mange av fjellturane der vil du kunne sjå demningar og andre kraftanlegg som har spelt og framleis spelar ei sentral rolle for industrien i Høyanger.

TilbakeNeste

Lukk