Byporten – side 4

Punkt 6

I andre etasje i Gunnar S. Galleriet kan du sjå ei permanent utstilling med kunst frå Gunnar S. Gundersen.

Gunnar S. Galleriet

I den andre delen av Byporten ligg Gunnar S. Galleriet. I første etasje av galleriet er det rullerande utstillingar av ulike kunstnarar i regi av Høyanger Kunstlag. I andre etasje av galleriet er det ei permanent utstilling av kunstnaren Gunnar S. Gundersen sine verk, som galleriet er kalla opp etter.

Samlinga i andre etasje omfattar eit 30-tals verk av kunstnaren og dekker perioden ca. 1950 til ca. 1980. Arbeida utgjer teikningar, akvarellar, måleri og serigrafiar. I tillegg vert det vist teikningar, skissebøker, smykke og fotografi i ein eigen monter.

Gunnar S. Gundersen

Gunnar S. Gundersen avbilda ved ei grafisk presse. Foto: Teigens Fotoatelier/Dextra Photo
Gunnar S. Gundersen vaks opp i Høyanger på 1930-talet. Han var svært interessert i kunst, og det var ikkje tvil om at det var kunstnar han ville bli. Gundersen dreiv med non-figurativ måling, og blei fort ein av dei viktigaste kunstnarane innafor sjangeren. I løpet av livet hans vart han verdskjend, og han har dekorert fleire bygg i Noreg som til dømes Riksgalleriet og Nasjonalgalleriet. Du kan lese meir om Gunnar S. Gundersen på Wikipedia.

Det er mogleg å besøke både Høyanger Industristadmuseum og Gunnar S. Galleriet. Trykk på knappane under for informasjon om opningstider med meir.

Høyanger IndustristadmuseumGunnar S. Galleriet

TilbakeTil kartet

Lukk