Høyanger kyrkje – side 2

Punkt 3

Ein lang planprosess

Fakta om Høyanger kyrkje
Byggeår: 1960
Arkitekt: Arnstein Arneberg og Olav Platou
Byggemateriale: Betong
Sitteplassar: 374

Etter 40-45 år med planlegging stod Høyanger kyrkje endeleg ferdig bygd og vart vigsla 11. september 1960. Kyrkjeplanane, samt finansieringa av det heile, var det Norsk Aluminium Company (NACo) som eigde verket i Høyanger som stod for, og kyrkja vart gitt til bygdesamfunnet som ei gåve. Dette gjer kyrkja i Høyanger truleg til den einaste i Noreg som har blitt gitt i gåve frå ei bedrift til eit bygdesamfunn.

Planane for bygging av ei kyrkje i Høyanger starta allereie i 1923 med ferdige teikningar av ei trekyrkje året etter av arkitektane Bjercke og Eliassen. Grunna usikre økonomiske tider vart planane avbrotne. I 1932 kjøpte aluminiumsverket kyrkjetomta av garden Sæbø og planane vart igjen gjenopptekne. Nye teikningar vart laga av Bjercke, og kyrkja skulle no vere åttekanta og bygd i stein. Grunnarbeidet til kyrkja starta i 1938, men vart etterkvart stansa grunna andre verdskrig.

Grunnsteinen til det som etter mange år med planlegging skulle bli kyrkja i Høyanger vart lagt ned under ein høgtideleg seremoni i 1959. Foto: Anders Fimreite

TilbakeNeste

Lukk