Høyanger kyrkje – side 5

Punkt 3

Interiør og orgel

Innsida av kyrkja er kvitkalka med raude teglsteinfliser som utgjer golvet. Korveggen bak alteret er svært verdt å merke seg med eit stort glasmaleri av Jesus på korset.

På galleriet står orgelet til kyrkja. I 2003 blei det originale orgelet bytta ut med eit Conacher-orgel, opphaveleg frå 1901, frå ein kyrkjelyd i Somerton i England. Det er sagt at det skal ha vært hard konkurranse med kyrkjelydar frå Latvia, Frankrike og Afrika om å få dette orgelet.

360 graders bilde av kyrkja innvending (sweip på bildet for å navigere).

Orgelet i Høyanger kyrkje er eit orgel bygd av Conacher and Co frå 1901 som vart henta frå St. Michaels and All Angels Church i Somerton og som stod ferdig montert i Høyanger i mars 2003. Orgelet vart gitt gratis mot ei gåve til kyrkjelyden til St. Michaels and All Angels Church på 400 pund, noko som gav ein totalkostnad med frakt og bygging på 500 000 kroner. Orgelet har tre manualar (great organ, choir organ og swell organ) og pedalar med 27 ulike register.

Her kan du høyre Guillaume-Gabriel Nivers sitt verk «Magnificat du 6e ton – V Basse de Trompette» framført av kantor Gerda Otterstein på orgelet i Høyanger kyrkje.

TilbakeTil kartet

Lukk