Punkt 1
20-dobling på 20 år
Høyanger mangla så og sei alt rundt 1910, og NACo tok på seg å bygge ein heil by frå ingenting. Først på prioriteringslista var å skaffe nok elektrisk kraft til fabrikken og samfunnet rundt, og dei gjekk raskt i gong med å bygge demnningar og røyrgater for å nå tak i vatnet og krafta på fjellet.
Arbeidet gjekk raskt, og frå våren 1916 til hausten 1917 var det på det meste 1200-1500 mann som arbeida på fabrikkanlegget i Høyanger og på kraftanlegga i fjella rundt. Utover i 1920-åra utvikla Høyanger seg til å bli eit familiesamfunn, med rundt 1000 fastbuande innbyggjarar. Så godt som alle saman tilflyttarar frå alle kantar av Norge. Folketalet auka i takt med produksjonen til verket, og i 1928 vart det i tillegg starta ein oksydfabrikk i industribygda. I 1930 budde det omlag 2200 menneske i Høyanger, og behovet for nye bustadar var stort. Meir om det i neste punkt i byvandringa.
I dag er det omlag 150 tilsette ved verket i Høyanger, som er kjent for å vere eit lite men svært godt drifta aluminiumsverk i Hydro-konsernet. Her blir det produsert 64 000 tonn primæraluminium og 117 000 tonn støyperiprodukt, slik som valseblokker, per år.