Valhall – side 4

Punkt 3

Scena på Valhall, slik den ser ut i dag.

Nasjonalromantisk dekor

Innsida av Valhall vart dekorert av målaren Rudolf Krogh. Han dekorerte med måleri inspirert av norsk mellomalderhistorie, og nynorske diktarhøvdingar fekk ein sentral plass i utsmykkinga. Desse måleria kan ein fortsett sjå inne på Valhall, og dei blir rekna som eit kulturminne.

Desse måleria er også så og seie det einaste som er igjen av originalt inventar. Under andre verdskrig blei Valhall brukt som lager og bustad for tyske soldatar. Mesteparten av inventaret blei enten stole eller øydelagt under krigen. Det originale sceneteppet blei til dømes brukt til innlegg i sko for tyske soldatar.

Etter krigen blei Valhall hyppig brukt av ei aktiv teatergruppe og til folkedans. I dag leiger Høyanger Ungdomslag ut Valhall til mellom anna konsertar, messer, samt til private arrangementet som festar og bryllaup.

360 graders bilde av Valhall innvending (sweip på bildet for å navigere).






TilbakeTil kartet
Lukk