Industriutvikling – side 2

Punkt 1

Slik såg Høyanger ut i 1908/1909 før industrien kom. Foto: Eugen Nordahl-Olsen / Fylkesarkivet i Vestland.

Stille før stormen

I 1910 budde det rundt 128 personar i Høyanger, som var ei jordbruksbygd delt inn i fem gardar. Folk i Høyanger hadde alltid visst om dei store kreftene som låg i dei bratte fjella rundt dei, men for gardbrukarane var naturkreftene berre ei stor plage. Tidt og ofte flauma elvene i Høyanger over grunna store mengder med vatn som rant ned fjellsidene, noko som førte til øydelagde avlingar.

Men det var nettopp kreftene som var ei plage for dei som dreiv gardar i Høyanger som skulle forvandle bygda totalt. Det som den gong var ei utmark skulle bli eit industrisenter. Bygd skulle bli til by.

I november 1915 vart «AS Høyangerfaldene, Norsk Aluminium Company», seinare berre kalla NACo, stifta. Kvifor bedrifta satsa på aluminium er uvisst, men det er klart at formålet var å utnytte kreftene som ligg i fjella i Høyanger til produksjon av aluminium.

NACo vart etablert med ein aksjekapital på 1,8 millionar kroner, og desse midlane vart brukt på det førebuande arbeidet og innløysing av vassrettar i Høyanger. Etter ein runde med offentleg aksjeteikning fekk NACo ein aksjekapital på 11,7 millionar kroner, og med det kunne dei starte opp bygginga av kraft- og fabrikkanlegg, samt bustadar og anna naudsynt infrastruktur i Høyanger.

Dette bildet frå 1928 viser korleis den fredlege jordbruksbygda Høyanger var i ferd med å bli forvandra til ein tettstad basert på industri på berre nokre få år. Foto: Eugen Nordahl-Olsen / Fylkesarkivet i Vestland.

TilbakeNeste

Lukk