Valhall – side 2

Punkt 3

Valhall like før bygget blir ferdigstilt i 1922. Foto: Eugen Nordahl-Olsen / Fylkesarkivet i Vestland

Bondekulturen levde vidare

I 1893 vart Høyanger Ungdomslag skipa i jordbruksbygda Høyanger som ein del av ungdomslagsrørsla som etablerte seg over heile landet. Her stod blant anna nasjonalkjensle, kulturarv og venstrenasjonalisme sentralt.

Med dei nye tilflyttarane i Høyanger endra bygda og kulturen der seg, og som ein reaksjon på dette vart ungdomslaget ein slags representant for den opphavlege bygdekulturen. Det hadde over lengre tid blitt diskutert reising av forsamlingshus for ungdomslaget, men dette viste seg å vere ei økonomisk vanskeleg oppgåve. Det var ikkje før i 1918 at Høyanger Ungdomslag sette ned ei bygningsnemnd for det som vart Valhall. Dette initativet kom som ein motreaksjon mot at arbeidarane hadde reist Folkets Hus som sitt forsamlingshus i 1917.

Arbeidarane sitt Folkets Hus i 1937. I dag er det samfunnshuset i Høyanger som står på denne tomta. Foto: Eugen Nordahl-Olsen / Fylkesarkivet i Vestland

TilbakeNeste

Lukk