Valhall – side 3

Punkt 3

Bønder, ingeniørar og funksjonærar

Tomta som Valhall står på vart gitt i gåve frå gardbrukarane på garden Hjetland, og gjennom eit lån på 20 000 kroner frå banken, eit lån på 8000 kroner frå lagsfolka sjølv, og midlar laget hadde spart seg opp sidan starten, vart Valhall reist for 60 000 kroner, noko som tilsvarer omlag 1,8 millionar etter dagens verdi.

Det var byggmeistar Vattekar som fekk ansvar for å bygge huset, og 4. februar 1922 stod Valhall klart for ein stor innviingsfest. Huset vart mest brukt som eit lokale for bønder og handverkarar, men funksjonærar og ingeniørar i lokalsamfunnet var også å finne på Valhall.

Sjølv om funksjonærane og ingeniørane såg på kulturen der som «bondsk» hadde dei meir til felles med denne kulturen enn den ein såg hos arbeidarane på Folkets Hus.

Klassedelt
Det øvste bildet er frå Folkets Hus og ei teaterframsyning der. Det nedste bildet er frå ei teaterframsyning på Valhall. Den same aktiviteten, men i to ulike forsamlingshus i eit klassedelt samfunn.

TilbakeNeste

Lukk