Byplanlegging – side 3

Punkt 2

Ei ny tid

Det var som nemnt tidlegare Morgenstierne & Eide som fekk oppdraget med å utforme planane for Høyanger, som skulle bli ein «mønsterby», ein motsetnad til 1800-talets industribyar i England og Europa. Opne alléar, torg, hagar og parkar skulle dekorere byen. Frå gamalt av var Høyanger berre nokre få gardsbruk, og eit ganske blankt ark, før dei teikna det som skulle bli det moderne Høyanger.

Då Årdal og Sunndal Verk (ÅSV) tok over drifta av aluminiumsverket i 1967, og søkte om modernisering av bygningsmasse og bedrift, vart ein del av den eldste bygningsmassa, særleg utleigebustader som ikkje heldt mål sanert. Dei satsa på ein ny bustadspolitikk, og ville ikkje drive utleige til dei tilsette slik NACO hadde gjort. Då Hydro tok over i 1986 var politikken med utleigebustader og tenestebustader avvikla fullstendig.

Det var ikkje berre bustadsmassen som var i endring. Fleire av dei gamle handelsbygga i sentrum blei bytta ut med moderne og tidsriktige bygg. Høyanger sentrum har no eit preg av 1970-talet, med funksjonelle bygg prega av den tidas brutalisme med enkle fasadar, synleg struktur og rå materialbruk. Av den gamle bygningsmassen er det berre rådhuset som står att, med oppdateringar frå rehabilitering i 2015.

Høyanger samfunnshus frå 1971 er eit døme på den nye arkitekturen som etterkvart tok over for bygga som kom i samband med industriframveksten i Høyanger eit halvt århundre tidlegare.

TilbakeTil kartet

Lukk