Parken – side 2

Punkt 4

Elitebustadar

Parken var eit av dei første bustadområda som blei bygd i Høyanger. Området husa eliten som var i Høyanger, som til dømes verksdirektøren. Det var også bygd arbeidarbustadar, men skilnadane på både storleik, stand, byggestil og plassering var store mellom bygga. Det var arkitekt Nicolai Beer som teikna regulerings- og vegetasjonsplan saman med husa, og prosjektet med bygging av hus starta i 1916.

Byggeprosjektet vart gjennomført av Norsk Aluminium Company (NACo). I 1917 stod dei seks husa på nedsida av gata Kloumanns allé mot fjorden klare. Huska skil seg frå resten av bustadane i Parken, med ei meir individuell utforming enn dei andre. Husa har også store hagar og eigne brygger. Det var viktig at husa og hagane såg vakre ut, ettersom at folk tok sjøvegen til Høyanger, før vegen til Vadheim kom i 1936.

Sigurd Kloumann

I dag blir Sigurd Kloumann sett på som grunnleggjaren av industrisamfunnet i Høyanger. Han var direktør i Norsk Aluminium Company (NACo), som stod for oppbygginga av det som vart Høyanger. Gata Kloumanns Allé er kalla opp etter han, og i enden av denne gata, ned mot kaia, kan ein sjå ein skulptur av industrimannen. Skulpturen er gitt frå funksjonærar, arbeidarar, bygdefolk, lag og foreiningar, og Høyanger kommune, og Sigurd Kloumann er ein av få menneske som har vore med på avduking av eit minnesmerke av seg sjølv, noko som hende i 1929.

Dåverande kronprins Olav og kronprinsesse Märtha på besøk i Høyanger i samband med ei rundreise i fylket 5. juni 1933. Direktør Sigurd Kloumann til høgre som guide for kronprinsparet på verket.

TilbakeNeste

Lukk