Parken – side 3

Punkt 4

Framleis park

Heile bustadområdet i Parken stod ferdig i 1920-åra. Hovudgata Kloumanns allé i Parken fungerer som eit fysisk skilje mellom direktør- og ingeniørbustadane, og dei 14 funksjonær- og arbeidarbustadane som ligg på den andre sida av gata.

Direktør-og ingeniørbustadane blei også ramma inn med høge gjerder som skil dei frå alléen på utsida. Funksjonærhusa vart bygd i mur og romma to leilegheiter. Husa hadde felles vaskekjellar, men ikkje bad. Arbeidarbustadane vart bygd i tre og romma fire leilegheiter. I kjellaren på desse bygga var det to felles toalett, matkjellar og vedbuer.

Området er ikkje berre eit bustadområde, men som namnet seier også ein park. Det er enno flotte parkområde her som er dekorert med fontener og statuar.

Statuen «Maskeberere» av Hilde Mæhlum står i dag i Parken i Høyanger.
Sanitetshuset

Eit av husa i Kloumanns allé er det ein i dag kallar «Sanitetshuset». Sanitetsforeininga skreiv kontrakt om kjøp av bygget i 1933, som då vart brukt som sjukehus. På denne tida var det store utbrot av tuberkulose, og det var vikitg at ein kunne stelle og huse dei smitta på ein forsvarleg måte. Dette var det bygget hovudsakleg blei brukt til når det vart kjøpt av sanitetsforeininga. I nyare tid er det brukt til lokale for saniteten sine aktivitetar.

TilbakeNeste

Lukk