Parken – side 4

Punkt 4

Den gamle hovudaksen

I enden av Kloumanns allé møter ein den gamle porten til verket, som arbeidarane brukte som inngang til arbeidsplassen deira, samt kaia i Høyanger, og det gule administrasjonsbygget til Hydro. Tidlegare var det ei bru som gjekk frå byrjinga av Kloumanns allé bort til Sæbøtangen. Her stod bygget Murgården som var eit arbeidarbustadkompleks.

Foto: Eugen Nordahl-Olsen / Fylkesarkivet i Vestland.

Når arbeidarane skulle på jobb på verket måtte dei gå over brua og gjennom Kloumanns allé for å komme seg til den gamle porten og inngangen til verket. På veg til arbeid kvar dag fekk arbeidarane både sjå og vere ein del av det store klasseskiljet som var i Høyanger. Brua mellom Murgården og Kloumanns allé stod fram til hausten 1971 då den mest dramatiske flaumen som har hendt i Høyanger herja. Ein kan lære meir om Murgården på punktet «Byporten», som kjem seinare i byvandringa.

Parken er i dag i stor grad uendra frå slik den opphaveleg var. I 1993 blei området freda grunna sin kulturhistoriske verdi. Bustadane er enno i bruk som heim for familiar i Høyanger, men tilsette ved Hydro Aluminium har førsterett ved tildeling av bustadar i Parken.


I 1999 gav det lokale bandet Rynka ut songen «Kloumanns Allé» som handlar om ein industriarbeidar som går gjennom paradegata i Parken til og frå jobben på verket.

TilbakeTil kartet

Lukk