Punkt 3
Klokkene Nåde, Frelse og Fred
Høyanger kyrkje består av eit kyrkjeskip med tårn, samt to sidetårn. Tårnet på kyrkjeskipet stig nesten 38 meter opp i været. Dei tre klokkene i tårnet er støypt av Olsen og Nauen klokkestøyperi i 1960 og er stemt i mollklang. Den største klokka er kalla Nåde, den mellomste Frelse, og den minste Fred.
I ei gammal folkefortelling var det rykta at den første gongen kyrkjeklokkene skulle ringje, så skulle ein stor fjellknaus kalla «Ståpelen» dette i fjorden og slå flodbølge over Høyanger. På sidetårna av kyrkja kan ein sjå fire smale vindauge med forskjellige motiv: altarkalken, ei stjerne, eit timeglas og korset. Taket og tårnet er dekka av skifer frå Gudbrandsdalen.
Høyr korleis det høyres ut når det slår i klokkene Nåde, Frelse og Fred. Klokkene er stemt i F#, A og C#, noko som utgjer akkorden F#-moll.