Høyanger kyrkje – side 3

Punkt 3

Arnstein Arneberg som har teikna Høyanger kyrkje står også mellom anna bak innreiinga av Sikkerhetsrådet sin sal i FN-bygningen i New York frå 1950. Foto: Mark Garten/UN Photo.

Tru på det moderne

Det var ikkje berre økonomi og krig som stoppa planane om ei kyrkje i Høyanger. Industrisamfunnet utvikla seg raskt, og bestod for det meste av tilflyttarar som heller søkte fellesskap med andre gjennom fagforeiningsarbeid enn kyrkje og misjon. I 1958 kom det endelege vedtaket om å bygge kyrkja, med eit forenkla utgangspunkt i det tredje utkastet av kyrkjeteikningane.

Teikningane var utarbeidd av arkitekten Arnstein Arneberg. Arneberg hadde tidlegare teikna Oslo rådhus, og deltok i innreiinga av Sikkerhetsrådets sal i FN-bygningen i New York. Han er rekna som ein av dei mest markante arkitektane her i landet. Kyrkja skulle opphaveleg vere plassert lengere vest og vendt ut mot fjorden, ettersom kaia og båtvegen var tilkomsten til Høyanger. Den endelege vendinga av kyrkja mot Byporten viser ei sterk tru på det moderne, bilismen, og teknisk utvikling.

Da kyrkja vart gitt i gåve til bygdesamfunnet i 1960 meinte daverande ordførar Albert Hellem at det var det største som hadde hendt Høyanger, etter sjølve starten av industrien.

Dette bildet viser omtrentleg kvar kyrkja i Høyanger var tenkt plassert på byrjinga av 1920-talet, vendt ut mot fjorden, og kvar den til slutt vart plassert 40 år seinare, vendt mot byporten.

TilbakeNeste

Lukk