Høyanger kyrkje – side 3

Punkt 1

Kyrkja er utforma som ein moderne basilika, som kjem til syne i forma med ein hovedkonstruksjon, tårn og midtskip, og vinkla utbygg på sidene og sideskip. Tårnet er nesten 38 meter høgt. Dei fire vindauga på sidene har alle eit farga motiv; alterkalken, ei stjerne, eit timeglas og eit kors. Både taket og tårnet er dekka av Gudbradsdalsskifer.

Innvendig er kyrkja kvitkalka, med golv av raud murstein. Korveggen bak alteret skil seg frå mange andre kyrkjer med eit stort, bogeforma vindauge med små ruter i ei blågrøn farge som dekkjer nesten heile veggen. I midta heng Jesus på krossen, også utforma i farga glas. Vindauget slepp inn lys og gir ein glød som står i stil med dei lyseblå benkane.

TilbakeNeste

Lukk