Punkt 1
Kyrkja var lenge planlagt i Høyanger, og i 1923 vart det først snakka om ei trekyrkje av arkitektane Bjercke og Eliassen, men plana blei lagt på is grunna økonomisk usikkerheit på dåverande tidspunkt. Sjølv om NACo kjøpte ei tomt, kom krigen og økonomiske svingingar i vegen for arbeidet som stoppa fleire gongar. Industristaden vaks stadig, og behova til innbyggjarane lente seg meir mot fagforeining enn kyrkje og tru.
Kyrkja ruvar den dag i dag som eit viktig høgdepunkt i bybiletet i Høyanger. Utsikta frå Byporten, ned mot brua og opp trappene, ligg kyrkja plassert på ei lita høgde, løfta over hus og fjord, med Gråberget hengjande over seg. Opprinneleg skulle kyrkja ligge litt lenger fram og mot vest, men i 1950-åra endra livet i bygda seg med overgangen frå kai og båt til bil og Byport, og aksa Byporten til kyrkja blei endra frå den opprinnelege byplana.